Planlegg bustadbygg i sentrum
På tomta der det gamle Mula-huset i Ølen stod kan det snart koma nytt bustadbygg med seks leiligheiter. Byggherre er Vigor Bygg AS.
For rundt fire år sidan kjøpte Vindafjord Invest AS eigedomen i Sjoargata i Ølen sentrum der det gamle Mula-huset hadde stått i over 100 år. Planen var å fiksa huset, men mott og roteskader hadde fått så godt fotfeste at huset måtte rivast. Tanken blei då å setja opp eit nytt bygg med fleire leilegheiter. Men nå har dei to eigarane i Vindafjord Invest AS, Bjarte Torgrimsen og Torstein Hauge endra planane og har kvitta seg med heile tomta.
Kjøpar er det Etne-baserte byggjefirmaet Vigor Bygg AS. Dei vidarefører tidlegare eigar sine planar om leilegheiter og ønskjer å fylla den rundt eitt mål store tomta med eit bygg som rommar seks bustadeiningar. Kvar eining blir på rundt 60 kvadrat og er teikna inn med to soverom kvar.
— Dette blir små leilegheiter med veldig god standard. Det er ikkje spart på noko, seier dagleg leiar og medeigar i Vigor Bygg AS, Kjetil Nedreskår.