Styret i den nedlagte Kjøttfestivalen har sete på ein oppspart kapital på 324.000 kroner i bankinnskot. Mange har vore og banka på døra, interessert i å nytte midlane til deira sak. Styret har likevel vist bort alle, fordi dei har venta på den rette saka som fremjar det Kjøttfestivalen stod for.
– Det har vore mange førespurnadar om kva me skulle bruke dei oppsparte midlane til. Nå har me komme fram til at pengane skal gå til dei positive tiltaka som Ølen grendeutval har sett i gang, seier styreleiar i Kjøttfestivalen, Siv Bente Stople Østbø
I Kjøttfestivalen sitt stiftingsdokument står det nemleg at ved oppløysing skal overskytande kapital gå til positive tiltak for barn og unge i Ølen».