Politimeister Hans Vik i Sør-Vest politidistrikt vedgjekk at det er eit dilemma å prioritere blålysrespons sidan politiet vil plassere patruljer nærast der det erfaringsmessig skjer mest. Skal ein prioritere færre kontor og fleire patruljer, var utfordringa hans.
Foto: Jon Edvardsen
Peikar på Ølen
— Ting tyder på at lensmannskontoret her vil overleve, spørsmålet blir kva ein vil krevje at lensmann Gjærde skal levere. Det er meir sving over denne reforma enn tidlegare prosessar, sa politimeister Hans Vik i Sør-Vest politidistrikt til politikarane i Vindafjord.
Han var i Vindafjord for å orientere om den vidare prosessen i den såkalla nærpolitireforma der ikkje minst den geografiske lokaliseringa av politiet er tema. Med lensmannskontoret her, sikta han til Etne og Vindafjord lensmannsdistrikt sitt kontor i Ølen.
Etne ein formalitet