Pakkers klar med album
Pakkers er klare med nytt album. Frå i dag av blir første singelen La hammaren […]
Pakkers er klare med nytt album.
Frå i dag av blir første singelen La hammaren slå» å høyra på radio, og albumet med samme namn kjem 12.april.
Det nye albumet blir gitt ut på Slagerfabrikken/Unversal og er vindafjordingane sitt sjette album. Det er nå fem år sidan siste plateslapp. La hammaren slå» blir også første plata under nytt artistnamn, Matpackers» er sidan siste plate i 2005 blitt til Pakkers».
Sveinung Bjelland, Kjetil Ulland, Jon Ørnes, Jostein Hustveit og Leif Åge Vestbø er blitt omtala som Hellbillies fra Haugesund», Lillebror til Vamp og Vestlandsfandens ikkje fullt så onde stebror».
Pakkers har gjennom åra vist seg som eit solid liveband, trekt fulle hus og opparbeid seg ein stor fanskare.
— Pakkers legg opp til ein god del konsertar etter platesleppet, og blir å høyra på lokale scenar utover våren og sommaren, opplyser manager Anne Cecilie Berentsen.