Nok eit godt kinoår. Dagleg leiar på Skakke, Gøril Eidhammer, er godt nøgd med kinoåret 2017.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
På høgde med gamle rekordar
2017 går over i historia som eit av dei beste kinoåra i Etne på lenge med eit besøkstal på 15.746. Det er nesten på linje med rekordåra 2015 og 2016, då populære filmar som Kongens Nei og Bølgen fekk fart på besøkstalet. I 2015 stakk 16.000 innom dørene på Skakke for å sjå film, medan rekordåret 2016 lokka 18.793 inn i den mørke kinosalen.
I fjor var det filmar for dei minste kinogjengarane som toppa lista av mest sette filmar i Etne. Dei to animasjonsfilmane The Boss Baby og Vaiana hadde høgast besøkstal med høvesvis 990 og 836 selde billettar, medan Skjønnheten og udyret var den tredje mest sette filmen med 728 besøkjande. Katastrofefilmen Bølgen blei sett av 1.418 personar då den gjekk i Etne i 2015 og er ein av dei best besøkte filmane for kinoen, i tillegg til Kongens Nei som stor på plakaten i 2016.
— Me er svært godt nøgde med besøkstalet i fjor sjølv om det ikkje når opp mot året før, men det mangla dei store publikumsfilmane. Kanskje filmen Den 12. Mann blir sin slik film. Den skal me ha på plakaten så lenge det kjem folk. Den opna godt og til nå er den sett av nesten 500 personar, opplyser kinosjef og daglieg leiar på Skakke, Gøril Eidhammer som kan sjå tilbake på ei romjul med mykje folk i kinosalen.