Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Skjoldar-jenter song ein eigen Skjoldar-song under opninga av det nye idrettsanlegget deira. FOTO: TORSTEIN NYMOEN
Aktiv klubb som nyt godt av ordninga med Grasrotandel. Her syng Skjoldar-jenter under opninga av det nye idrettsanlegget i bygda

På grasrot-toppen

Publisert Sist oppdatert

I dagens avis kan me presentera kva betydning Grasrotandelen i regi av Norsk Tipping har å bety for organisasjonslivet i Etne og Vindafjord kommunar. Ordninga aukar stadig i omfang og set nye rekordar år etter år. Totalt blir det i desse dagar utbetalt 448 millionar til ca. 25.000 lag og foreiningar i landet, ein auke på 13,5 prosent frå året før.

Grasrotandelen er ordninga der Norsk Tipping sine kundar kan styra fem prosent av innsatsen direkte til sin klubb. Gjevar og mottakar må på førehand vera registrert i Frivilligregisteret i Brønnæysund. Ordninga set utbetalingsrekord nesten kvart år, og er svært viktig i den økonomiske drifta for mangt eit lag og organisasjonen. T.d. Oslo-klubben Vålerenga får denne gong inn over 3,2 millionar frå sine 4.556 givarar.

Regjeringa føreslår å utvida ordninga frå fem til sju prosent, noko som betyr at tidlegare utbetalingar vil bli smadra når forslaget er vedtatt og sett i verk.

Powered by Labrador CMS