Styret: f.v., Feikje Blom, leiar (12), Eline Rørtveit Moe, styremedlem (11), Thea Slemmelid Solstad, nestleiar (11), Brechtsje Blom, styremedlem (14), Feikje Blom, Silje Ilstad, kasserar (13).
Foto: Privat
Mi Fritid
— Overnatting på bygdehuset er eit av høgdepunkta
— Kva driv de med?— Hauk 4H er eit lokallag under 4H Norge. Mottoet er å læra ved å gjera». Alle medlemmane vel eit prosjekt dei har lyst til å halde på med gjennom året. Prosjekta blir presentert på den årlege Haustfesten vår, som blir arrangert i slutten av oktober. Det er ungdommane sjølv som dannar styret i klubben, og alle medlemmane får vera med å bestemme kva klubben skal gjere kvart år. Klubben arrangerer mange ulike aktivitetar gjennom året. For eksempel spelekveld, juleverkstad, bowling og mykje anna forskjellig.
— Kven passar det for?
— Det passar for alle som er frå 10 år og oppover.