Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Oslo Spektrum neste

Publisert Sist oppdatert

Å få innpass i Hans Majestet Kongens 3. gardekompani er ikkje for kven som helst, men for Vegard Skartland har nettopp dette kompaniet vore hans kvardag sidan oktober i fjor. Då var han ferdig med innleiande kurs på Ås landbrukshøgskule, og førstegangstenesta sto for tur.

Hans Majestet Kongens 3. Gardekompani er eit kompani i den norske bataljonen Hans Majestet Kongens Garde. Kompaniet er ein parade-, seremoni-, konsert- og oppvisningstropp som består av Musikktroppen og Drilltroppen. Konsert- og seremonisesongen varer frå oktober til april, mens drillsesongen startar i april og varer ut til kompaniet sin dimisjon i september. 3. Gardekompani er kjent for å vera opptekne av presisjon og nøysemd og er derfor svært ettertrakta som tattoo-deltakarar i utlandet.

— Å få innpass her handlar like mykje om kva du vil, som kva du presterer. Eg trur eg kom inn på grunn av vilje og pågangsmot, i tillegg til at eg har det musikalske i botn, seier 21-åringen med kornett som hovudinstrument. I tillegg spelar han også signaltrompet, mellom anna utanfor slottet til Kongen.

Powered by Labrador CMS