Statens Helsetilsyn har varsla at dei ser nære på heile saka frå pasienten tok kontakt med AMK første gong, to døgn før han fekk hjertestans.FOTO: TORSTEIN NYMOENBilde 1 av 2
Avdelingsleiar Anne Myhre i Statens Helsetilsyn.FOTO: STATENS HELSETILSYNBilde 2 av 2
Opna saka på ny etter klage
Torstein Tysvær Nymoen Torstein Tysvær Nymoen
PublisertSist oppdatert
Dei pårørande sin første klage vart handsama av Fylkeslegen i Hordaland i 2015. Etter at Etne kommune, Etne og Vindafjord legevakt og AMK hadde gjort greie for saka, konkluderte fylkeslegen den 9. september 2015 med at berre den eine vaktlegen var å klandre i saka. Dette fordi han ikkje har dokumentert vurderingane rundt det faktum at han ikkje rykka ut då han vart varsla om hjartestansen.
La vekk saka
Men dei fann ikkje dette meir alvorleg enn at dei let vere å sende saka til Statens Helsetilsyn, som er instansen som ilegg administrative reaksjonar mot autorisert helsepersonell i Noreg. Fylkeslegen meinte elles at hjelpa mannen hadde fått var i samsvar med krava i helsepersonelloven. Saka vart altså i praksis lagt vekk, utan nokon konsekvens for involvert helsepersonell.
Dette ville ikkje dei pårørande slå seg til ro med. Dei meiner at det i første rekke er systemsvikt som er grunnen til at pasienten døydde. Dei finn det mellom anna kritikkverdig at det ikkje vart slått raud alarm første gongen mannen tok kontakt, og meiner AMK burde kalla ut både ambulanse og det lokale hjartestartar-teamet, også kjend som First Responder-teamet. Dei finn det også klanderverdig at mannen ikkje fekk EKG ved sitt lokale legekontor då han spurde om det dagen etter.
Etter at dei pårørande klaga valde Fylkesmannen å opne deler av saka på ny. Dette gjaldt saka mot vaktlegen som ikkje rykka ut, og mot leiinga ved Etne og Vindafjord legevakt.
Konkluderer snart
Etter å ha fått saka til vurdering varsla så Statens Helsetilsyn 15. september 2016 at dei vil foreta ei vurdering av all hjelp han fekk, heilt frå han første gong ringde
AMK, natt til 5. januar 2015, til han vart henta av Sea King-en ved 21.30-tida om kvelden 7. januar.
Statens Helsetilsyn ba i fjor haust Etne kommune, AMK og Etne og Vindafjord legevakt på ny om å gjere greie for ei rekke forhold knytt til saka. Dei har mellom om anna bede om innsyn i avtalar og ansvarsforhold mellom dei forskjellige instansane.
I kva grad andre involverte instansar enn vaktlegen, som har fått varsel om mogeleg åtvaring, er gjenstand for vurderingar i høve til reaksjonar, ville ikkje Statens Helsetilsyn seie noko om til Grannar måndag denne veka. Men dei stadfestar på generelt grunnlag at dei har høve til å opne alle deler av ei sak på nytt.
— Me reknar med å ha konkludert i denne saka om to månadar, kontaktar du oss då vil me kunne gi eit svar på kven som eventuelt vil få reaksjonar, opplyser Anne Myhr som er avdelingsleiar for kommunale helse- og omsorgs- tenester i SHT.