Opna gigantisk deponi for forureina massar
Det er eit 22.000 kvadratmeter stort hol i bakken, nesten som eit gigantisk badekar, som er grave og sprengt ut på Toraneset, og som no blir tatt i bruk som lagringsplass for såkalla lettare forureina massar.
Forureina massar
Det handlar om massar som til dømes kjem frå graving ved ein bensinstasjon kor det har vore sølt bensin, og anna forureina grunn. Også asbest. Denne type massar har blitt lagra på Toraneset heilt sidan 1983, og det er det gamle deponiet som er heilt fullt og får avløysing av det nye deponiet. Det nye deponiet tilfredsstiller alle nye gjeldande krav til denne type anlegg, til dømes når det kjem til avrenning.