På skjenken inn i stova heime hos ekteparet Kvamme i Ølen står bildet av ein ung mann, kledd i dress og med eit lunt smil om munn. Ei einsleg raud rose og eit lite telys har fått plass ved sida av bildet, og kvar einaste morgon blir lyset tent til minne om den blide og snille guten som gjekk bort 26. oktober for år sidan.
— Det første eg gjer om morgonen er å tenna lyset. Det står på heile tida når me er heime, seier Solveig Kvamme og kikkar ned på bildet av sonen.
Ei tåre pressar seg på i augekroken og trillar roleg nedover kinnet. Saknet etter sonen er ubeskriveleg, men for Solveig er det viktig å finna styrke til å takla sorga.