Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Omfattande program i Skjold og Vats

Publisert Sist oppdatert

I midten av november står Vindafjord på besøkskartet når Stavanger bispedømme legg ut på visitas med fungerande biskop Anne Lise Ådnøy i spissen.

Det er eit omfattande program som ventar representantane frå den norske kyrkja når dei tysdag 14. november startar sin seks dagar lange besøksrunde i Vindafjord. Bygdene Vats, Vikebygd og Skjold vil stå i fokus når fungerande biskop, domprost Anne Lise Ådnøy, avdelingsleiar for kyrkjelydsutvikling ved Stavanger bispedømmekontor Geir Skårland og prost i Haugaland prosti, Rune Steensnæs Engedal skal møta folk saman med sokneprest Jon Ådnøy. Biskop Ivar Braut måtte melda fråfall grunna sjukdom og kan ikkje delta på visitasen.

— Kyrkja er viktig i bygdene våre. Kvar ny generasjon må setja sine ord på kva som gjer kyrkja vesentleg. Visitasen skal hjelpa oss med det, og me vil prøva å stilla spørsmål om kva det vil seia å vera kyrkje i kvardag og helg, seier sokneprest Jon Ådnøy som saman med soknerådet har utarbeidd det rikhaldige programmet som biskopen har godkjent.

Powered by Labrador CMS