Ølen-frieri til topps

Kari Aakra — På nyttårsafta 2007 meinte Glenn Olav at me burde få sjå rakettane […]

Publisert Sist oppdatert

Kari Aakra

— På nyttårsafta 2007 meinte Glenn Olav at me burde få sjå rakettane ekstra godt. Difor fekk eg beskjed om å kle meg varmt, og me sette oss i ein iskald båt og køyrde utover i fjorden like før kl. 00.00. Då me var komne midtfjords og hadde utsikt til Ølen, Ølensvåg, Vaka, Dreganes og Stord, tende han ljos og pakka meg inn i varme teppe, før han fridde. Eg melde meg på konkurransen, men trudde aldri det ville nå opp, fortel Silje Digernes (22), som var seks månadar svanger då ho blei fridd til.

Radio Haugaland har den siste tida annonsert konkurranse om det beste frieriet, som skulle premierast med bryllaup verdt 150.000 kroner. Digernes (22) meinte forloveden Glenn Olav Lothe (25) hadde gjort seg så flid med frieriet at det var verdt å prøva seg i konkurransen. På torsdag blei frieriet kåra til det finaste i, og ein bryllupskonto på 150.000 kroner er øyremerkt for paret frå Ølen, som har halde saman i sju år og har ein eitt år gamal son.

Bryllaupsklede, styling, middag og overnatting for 20 gjester, limousin, suite og eigen bryllaupsplanleggjar er nå disponibel for dei forlova. 6.juni blir det bryllaup, og Digernes trur ein planleggjar var midt i blinken, då det manglar på eigne bryllaupserfaringar.
— Det nærmar seg bryllaup nå, og me planlegg å ha festen på Lakseslottet Lindum i Suldal. Eg har aldri vore i bryllaup sjølv eingong, og det blir eit hardkjør framover, så ein planleggjar passa fint, ler Digernes.

Powered by Labrador CMS