Nytt vertskap ved Rodin

Rodin kafé stengde dørene etter konkurs i november i fjor. Frå byrjinga av februar opnar […]

Publisert Sist oppdatert

Rodin kafé stengde dørene etter konkurs i november i fjor. Frå byrjinga av februar opnar Sami Vyzantios kafeen att, med middelhavsmat og nokre tradisjonelle norske rettar på menyen. Kafeen får då namnet Smak og Behag.

Vyzantios og brørne hans driv allereie fire kafear på Stord og Bømlo. Nå blir Rodin den femte i kjeda med namnet Smak og Behag.
— Det blir pizza, kebab, komler og kjøttkaker på menyen, i tillegg til kaffibar med godt utval, fortel den nye kaféverten.

Eigar Rune Kringlebotten trur nytt konsept på Rodin er liv laga. Dette er tredje gong han satsar på kafédrift med nytt vertskap, og tok sjølv kontakt med Vyzantios då han jakta nye leigetakerar.
— Eg har høyrt mykje skryt av Smak og Behag på Stord og Bømlo, og trur dette vil bli veldig bra, seier Kringlebotten.

Les meir i papirutgåva av Grannar på måndag.

Powered by Labrador CMS