Nytt tilbod til datainteresserte
Trioen Aleksander Vae Haaland (17), Szymon Pruseck (17) og Edvin Grønstad (16) frå Etne har sidan i fjor sommar planlagt arrangementet som går av stabelen 17.-18. februar. No er dei nesten klare for innrykk, og dei håpar at ungdommen vil interessera seg for SkakkeLAN.
— Eg blei kontakta av Skakke i fjor juli med førespurnad om eg ville arrangera LAN i samarbeid med dei, og det hadde eg lyst til å prøva på. Eg fekk med meg Szymon og Edvin og me har hatt mange møte og samtalar for å koma så langt, fortel Aleksander Haaland.
No er dei klare og nyleg opna dei opp for påmelding også.