Bonde Torleif Stople i Skjold trur han skal greia å takla dei nye spreiekrava dersom dei blir vedtatt.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Bonde Torleif Stople i Skjold trur han skal greia å takla dei nye spreiekrava dersom dei blir vedtatt.
Rådgjevar Håkon Pedersen i Norsk Landbruksrådgiving.Foto: Privat
Rådgjevar Håkon Pedersen i Norsk Landbruksrådgiving.

Landbruk

Nytt regelverk kan få følgjer for lokale bønder

Regjeringa har lagt forslag til nytt gjødselregelverk ut på høyring. Forslaget inneber mellom anna innstramming av spreiekrava, noko som kan skapa utfordringar for bønder både i Etne og Vindafjord.

Publisert Sist oppdatert

I eit eventuelt nytt regelverk vil det tidlegare minstekravet om spreieareal bli erstatta av ei fosforgrense som skal gjelde for alle gjødselslag. Bakgrunnen for det nye regelverket er mellom anna å unngå for høgt fosfornivå i jord og vatn.

Etter dagens reglar er det tillatt med 3,5 kilo fosfor per dekar. Denne vil bli redusert til 2,3 kilo over heile landet med unntak av Rogaland der grensa er sett til 2,7 kilo fosfor per dekar. Grensa er redusert inn til eit nivå som ligg nær eit typisk behov og opptak i avlingar, men geografisk er det skilnader i avlingar og med høgare avlingar i Rogaland blir ikkje krava like strenge her som elles i landet.

— I det nye regelverket går ein direkte på fosfor og ein reknar ut kor mykje fosfor kvart dyreslag produserer. Alle vil få eit større krav, men det vil slå ulike ut på dei ulike dyreslaga. Gjødsla skal spreiast på eit større areal og fosforkravet gjeld enten det husdyrgjødsel eller handelsgjødsel. Areal vil bli ei utfordring, og mange bønder vil bli berørt av dette, seier rådgjevar Håkon Pedersen i Norsk Landbruksrådgjeving.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS