Over 200 personar tok turen til den offisielle opninga.
FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Nye moglegheiter utan gjeld
— Det kjennest kjempegodt å ha blitt gjeldfri. Styret sender ei stor takk til alle som har gitt penger eller gitt av tida si, og ikkje minst til bruktbutikken som heile tida er med og bidreg til drifta, seier styreleiar Heidi Wannberg i Stiftinga Sjøkanten Trivsel.
Bassenget opna sommaren 2024 og har sidan den gong blitt eit samlingspunkt for bygda og eit populært tilbod for både fastbuande og besøkande. Prosjektet har hatt ein prislapp på om lag 18 millionar kroner i reine utlegg, men verdien er langt høgare. Mykje av arbeidet i byggjefasen blei gjort på dugnad, og det blei gitt materiale i gåver. På sparket trur Wannberg at dei har forsikra anlegget for over 30 millionar.
I juni fekk stiftinga bak bassenget refusjon på meirverdiavgifta. Dermed kunne dei betale ut det siste lånet og komme i mål med finansieringa.