Ny tillit til Omega

— Ein god nyhende som viser at Gassco framleis trur på oss, seier avdelingsleiar Torleif […]

Publisert Sist oppdatert

— Ein god nyhende som viser at Gassco framleis trur på oss, seier avdelingsleiar Torleif Heggebø i Omega til Grannar. Han kan ikkje seia kor stor avtalen er i kroner og øre, men tolkar signeringa som svært positiv.
Selskapet i Vindafjord som sel konsulenttenester og smarte løysingar til blant anna olje- og gassnæringa, har hatt sine folk hos Gassco i mange år. Nå har den tunge gasstransportoperatøren valt ut Omega som ein av fire eksterne beddrifter som får fornya tillit.
Heggebø opplyser at Omega i dag har ei 20-tals konsulentar i arbeid hos Gassco og trur ikkje det blir færre framover. Det same gjeld utiklinga i selskapet generelt.
— Då me starta på 2008 var me rundt 500 tilsette. Nå i desember har me passert 600, og eg trur ikkje det stoppar med det, seier Heggebø.
Frå Omega sin ståstad ser han relativt lyst på 2009. Bedrifta har eit 50-tals førespurnader frå potensielle kundar på listene sine, og avdelingsleiaren frø Ølen ser for seg relativt stor aktivitet framover som truleg vil resultera i behov for ytterlegare lokale konsulentar og medarbeidarar.

Powered by Labrador CMS