Vindafjord ordførar Ole Johan Vierdal og kontaktperson for tv-aksjonen i Vindafjord kommune, Gunnbjørg Nesbu, er gode nøgde med resultatet.
Foto: Ann Margit Grønstad
Niande best i Rogaland
Årets tv-aksjon på NRK til Regnskogfondet hadde måndag føremiddag passert 183 millionar kroner nasjonalt, eller 35,42 kroner per innbyggjar. Det er ein del mindre enn i fjor då det kom inn 250 millionar kroner til Kirkens Nødhjelp, men årets resultat er ikkje endeleg.
Dei førebelse tala viser at Vindafjord er niande beste kommune i Rogaland og nummer 82 i heile landet med 50,05 kroner per innbyggjar. Det er lagt betre enn i fjor då vindafjordingane var nummer 13 i fylket og nummer hundre på landsbasis med 65 kroner/innbyggjar.
— Me er tilfreds med resultatet. Me har hatt positive bøssebærar og god stemninga. Den største utfordringa var at mange ikkje var heime sundag ettermiddag på grunn av det flotte haustvêret, difor håpar me at mange gir i ettertid på sms eller via telefon, seier Gunnbjørn Nesbu, kontaktperson for tv-aksjonen i Vindafjord.