KLP vil ikkje godta den rådgivande avgjerda i Finansklagenemnda som meiner Vindafjord kommune skal ha full forsikring. Dersom rådmann Yngve Folven Bergesen vil unngå eit tap på 30-40 millionar, må han rå politikarane til å vedta søksmål.
Arkivfoto: Jon Edvardsen
Nedlegging av sjukeheim: Ber om fleire svar frå rådmannen
Ingen av dei politiske partia hoppar på rådmannen sitt forslag om å avvikle Ølen omsorgssenter og kutte i tenestetilbodet for eldre.
Rådmann Yngve Folven Bergesen har kniven på strupen for å spare millionar, men forslaga om å leggje ned sjukeheimen i Ølen, pluss å avvikle to dagesentra, var nok for dryg kost for dei fleste. Og det trass i at kommunen så langt i år har brukt 38 millionar kroner over det som er budsjettert. Sprekken er aller størst i pleie og omsorg.
Høgre ber om meir
— Det er ikkje fornuftig å vedta ein sparepakke no som isolert berre gjeld pleie og omsorg. Vi vil ikkje vedta tiltak som i neste omgang kan føre til at kommunen får større utgifter. Heile drifta i Vindafjord kommune må vurderast for å finne tiltak. Difor vil vi at rådmannen skal gå i gang med å sjå breiare på det, seier Modolf Haraldseid (H).