Dagleg leiar Svein Atle Berge i Ølen Betong er svært tilfreds med utviklinga i konsernet.
Arkivfoto: Arne Frøkedal
Nær milliarden i betong
Betongkonsernet med hovudanlegg i Ølensvåg, har gjennom dei siste åra vakse til ein av landets største aktør i sin bransje, og har aktivitetar spreidd over heile landet, blant anna med 26 produksjonsstader og eiga teknologi-gruppe som jobbar med produktutvikling på alle nivå. Motoren og hovudselskapet Ølen Betong AS kan sjå attende på eit godt fjorår.
— Samla sett er me veldig tilfredse med 2015. Utviklinga har vore god og me er optimistiske med tanke på framtida sjølv om det går litt i bølgjedalar, seier dagleg leiar Svein Atle Berge i det familieeigde konsernet.
Opp 16 prosent