Det kjem til å bli folksamt i lokala til vaksenopplæringa i Etne når om lag 100 nye flyktingar buset seg i kommunen dei neste tre åra. Der har òg flyktingkonsulent Atle Aas sitt kontor.
FOTO: TORSTEIN NYMOEN
Nær ei dobling på tre år
I dag er det busett 55 flyktningar i Etne. Dei neste tre åra kjem det truleg om lag ytterlegare 100. Dei første 12 frå kvota på 20 som er vedtatt for 2016. I sist veke vedtok Etne kommunestyre, med 11 mot 10 stemmar, å busette 23 nye neste år, 20 i 2018 og 20 i 2019. I tillegg til desse kjem forventa familiegjenforeining.
Det betyr travle dagar i lokala til flyktningtenesta og vaksenopplæring i Etne sentrum. Difor er det oppretta ei halv stilling ekstra som miljøarbeidar i flyktningtenesta, kor flyktningkonsulent Atle Aas har jobba åleine fram til no.
— Tidlegare har flyktningkonsulenten gjort alt frå å ta i mot når dei kjem og sørgje for at det er seng og sengetøy, til å førebu saker for kommunestyret. No vil han bli avlasta i høve til det praktiske i bustadane, med tilrettelegging knytt til introduksjonsprogrammet og til å stå for deler av undervisninga, fortel Aas.