Ryfylkekokken Frode Selvaag, som ikkje kjem frå Ryfylke i det heile tatt, men er frå Sandeid, kjem til Ølen for å kokkelera laurdag 23. september. Då blir det gourmet- og festkveld i Ølen og duka for fem-rettars.
— Tanken bak heile kvelden er å gi folk full pakke når det kjem til matoppleving. Det blir høg kvalitet på både mat, drikke og underhaldning, og me kjem til å ha stort fokus på dei lokale leverandørane av mat, seier dagleg leiar i Ølen kulturhus, Vidar Lund.
Lokale leverandørar