Mowi planlegg ei tredobling av produksjonskapasiteten ved settefiskanlegget i Fjæra.Foto/montasje: Jan Martin Grindheim/Arve Skogen, Grannar
Mowi får ikkje utvide i Fjæra
Mowi si planlagde store utviding av det landbaserte settefiskanlegget Fjæra er førebels stansa av Statsforvaltaren. Dermed kan også ein planlagt auke av bemanninga, frå 17 til 24 stillingar, stå i fare.
Ikkje nok kunnskap
Formelt er det ein søknad om auka utslepp av næringssaltar til Åkrafjorden som Statsforvaltaren har avslått. Myndigheita har kome til at ein veit for lite om konsekvensane av kva auka produksjon, med påfølgande auke i utslepp av næringssaltet nitrogen, vil ha å seie for livet under vassflata i den tre mil lange og tronge Åkrafjorden.