Johan Skeie
Privat
Lesaren melder
Minneord
At Johan Skeie
er død, er for meg, og sikkert alle i Sandeid ikkje til å forstå. Eg var som «gutongje»
mykje hjå Tomas Skeie, som var onkel til Johan. Der var han ofte og leverte
bensin, for Tomas fylte berre bensin på «Sjestre». Det var der eg blei kjent
med Johan.
Eg har ofte tenkt at dersom Johan nokon gong skulle
fara her frå, var det ikkje av sjukdom, men at han kom til å detta ned frå taket på huset sitt. For det taket måtte
spylast, kvart einaste år. Huset til Johan er nok det mest velhaldne huset som
finns, både ut- og innvendig. Inne er det originale tømmervegger frå det blei
bygd, og utvendig er vindu og kledning så velstelt, at dei som overtek det
huset, treng nok ikkje tenkja på noko vedlikehald dei første 20 åra. Ein gong
kom Johan og sa at han ville ha nye vindauga på gavlen mot vegen. Johan ville
helst ha ting gjort med ein gong. Etter to-tre purringar var eg på plass og
skulle ta mål, og fann då ut at desse vindauga kunne kunne stå i minst 10-15 år
til, og sa det til Johan. Han såg spørjande på meg og sa: Me gjere vel ikkje
noko gale, du Larsen, om me skifta dei! Nye vindu kom raskt på plass.
Johan var ikkje alltid så lett å få tak i, som oftast
fann eg han under ein eller annan trailer. Det er ikkje få tonn med «grease»
han har «jekka» inn i smøreniplane på trailerane, både dag og natt, helst natt.
Og eg trur heller ikkje nokon har brukt fleire timar med høgtrykkspylar enn
Johan, på trailerar, på huset, taket og asfalten.