Haugalandsrådet og Sunnhordlandsrådet under omvising på tomta i Aksdal, der nytt felles krisesenter for Krisesenter Vest IKS er planlagt.
TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN/HAUGALAND VEKST
Krev støtte frå staten til krisesenter
Dette kjem fram i ei pressemelding frå
Haugalandsrådet og Sunnhordlandsrådet.
Dei to regionråda går
samla ut med ei tydeleg oppmoding til Stortinget: Staten må bidra til
finansieringa av nye krisesenterbygg.
Under eit fellesmøte i
Aksdal torsdag fekk råda ei omvising på tomta der eit nytt felles krisesenter
for Krisesenter Vest IKS er planlagt. I møtet vedtok dei òg ei felles
høyringsfråsegn til Kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget, der dei
ber om at krisesenterbygg blir omfatta av relevante investeringsordningar i
Husbanken.