Påskejakta er i gang – bli med og finn Grannveig!
Psst! No er påska rett rundt hjørnet, og Grannar sin heilt eigen påskehare inviterer alle lesarane med på ein kjekk og spennande konkurranse.
Kvar dag gjennom påska legg me ut eit nytt bilete av påskehøna vår, Grannveig, som har gøymt seg på ulike stader rundt om i Grannar-distriktet. Klarer du å finna ut kvar ho er?
Alt du treng å gjera er å senda inn svaret ditt til tips@grannar.no, og skriva kor du trur Grannveig har gøymt seg. Kanskje er det nettopp du som har best lokalkunnskap?
Annonse
Og ja – det blir sjølvsagt premiar! Tre heldige vinnarar blir trekte ut og får kvart sitt gåvekort frå Etne Senter.
Første bilete kjem på onsdag – så følg med og bli med på påskemoroa!
Lukke til!