Høgtideleg overrekking av 950.000 kroner til NLM sitt arbeid i Indonesia. Elise Haugland og prosjektsjef Sander Johan Gilje. Foto: Kåre Vignes.
Høgtideleg overrekking av 950.000 kroner til NLM sitt arbeid i Indonesia. Elise Haugland og prosjektsjef Sander Johan Gilje.

Milliongåve frå russen

Russen på Lundeneset vgs kan det med å samla inn pengar til gode føremål. Årets avgangskull greidde heile 1.040.000 kroner.

Publisert Sist oppdatert

Ein sjekk på 950.000 kroner til hjelpearbeid i Indonesia blei overrekt under avslutningsfesten på Lundeneset vgs. Mottakar av den store pengegåva frå elevane var Elise Haugland frå Norsk Luthersk Misjonssamband. Ho var takknemleg og imponert over det elevane har fått til i løpet av skuleåret.

— Det som de har fått til dette året forandrar liv, sa Haugland i takketalen sin.

I løpet av året har elevane ved den vidaregåande skulen i Ølensvåg brukt ulike verkemiddel for å nå innsamlingssummen. Den aktiviteten som medverkar med den største summen, er misjonsløpet som elevane sprang sist haust. Då kom det inn rundt 800.000 kroner.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS