Bygget frå 1983 ligg tett på fylkesveg 46. I Bakgrunnen ligg dei to delane av bygget som Enwa kjøpte for rundt eit år sidan.
Nils Tokheim
Redusert pris lokkar kjøparar
Det er Vikedal Eiendom AS som eig bygget gjennom Karmsund Offshore AS. Eigedomsselskapet eig òg Vikedal Mur og Anlegg AS som var i bankbygget nokre år før dei flytta all verksemd til det gamle meieribygget nokre hundre meter opp langs Vikedalselva.
— Det er rundt 20 år sidan me kjøpte bygget, og sjølv om det har stått tomt i seinare tid så har me hatt mange år med gode leigetakarar, seier Skogen.
Det var på våren i 1983 at Bøndernes Bank sitt bankbygg var klar for innflytting. Banken hadde inntil då vore leigetakar i kommunehuset.