Millionane renn inn
Ikkje rart at denne mannen gliser.
Rådmann Kristian Birkeland i Vindafjord kan smile heile vegen til banken med eit nytt stort overskot på over 43 millionar kroner. Det er resultatet for 2013.
Er du av dei som meiner Vindafjord kommune burde bruke meir pengar, så skal du vite at millionane finst, og det i rikt monn.
Både rådmannen og kommunepolitikarane har gode dagar med tanke på pengesekken.
Den er velfylt og ingen skeier ut og vil bruke nye pengar på anna enn investeringar.
Fleire gode år
I fjor hadde Vindafjord eit netto driftsoverskot på 8 prosent etter at utgifter til drift, låneavdrag og renter er bokført. Resultatet er nettopp sendt over til revisjon, men det er lite sannsynleg at økonomiavdelinga har gjort merkbare tabbar.
vi tar relativt konservative val og spekulerer ikkje i at det kan gå betre
Og godt resultat er langt frå eit nytt fenomen for Vindafjord. Dei tre siste åra har kommunen eit samla overskot på over 100 millionar kroner. Felles for dei tre åra er at overskotet blir det doble av det som var planlagt og vedtatt i budsjettet.
For 2013 har Vindafjord 22 millionar meir i inntekter på toppen av eit budsjettert overskot på over 21 millionar.
Skeiar ikkje ut
Rådmann Kristian Birkeland synest det er eit svært gledeleg resultat, og godt over det staben hans torde å håpe på i den siste tertialrapporten i fjor.
— Er det tid for å skeie ut og bruke litt meir pengar når det er såpass stort overskot?
— Det kan bli ein del av evalueringa om vi har strupt for mykje igjen og er for knipne med pengebruken. Samstundes er det ekstra finansinntekter som tilfører mest til det gode resultatet. Vi skal leggje fram ei sak til politikarane om årsresultatet på eit seinare tidspunkt, og korleis ein skal disponerer overskotet, seier Birkeland.
Men som i tidlegare år, stiller han seg ikkje i fremste rekkje for å bruke meir pengar. Tidlegare er alle pengane brukte til å betale ned på lån og setje av til investeringar. Vindafjord skal investere rundt 200 millionar kroner på kort tid.
Er forsiktig
Forklaringa på at det går så det susar i kommuneøkonomien, er først og fremst ekstra skatteinntekter, mindre renteutgifter, pluss eit billigare lønsoppgjer enn det kommunen kalkulerte med. Også drifta gav overskot.
Det har vist seg over tid at kommunen har meir pengar enn det politikarane blir stilt til utsikt når dei skal vedta budsjett.
— Forklaringa er at vi tar relativt konservative val og ikkje spekulerer i at det kan gå betre. I fjor tok vi høgde for at renta kunne gå opp, men det gjorde den ikkje. Vi ser også at auke i folketalet gir større inntekter, forklarer han.
Rådmannen understrekar at administrasjonen bruker vanlege modellar for korleis økonomien vil utvikle seg.
Ansvarlege politikarar
Han påpeikar at å låne minst mogleg til investeringar og å betale ned gjeld, i neste omgang gjer drifta lettare fordi ein då får mindre utgifter til renter og avdrag.
— Ein rådmann skal vel i utgangspunktet vere litt pessimistisk, og det er signal som tyder på at bedriftene kan få det tyngre framover. Westcon har mindre aktivitet og vi har størst arbeidsløyse i Rogaland for tida. Det vil også få noko å seie for kommunen sine inntekter. Vi har hatt marginane på vår side, men det er ikkje sikkert det blir like bra framover, meiner han.
— Har Vindafjord Noregs mest disiplinerte politikarar når det gjeld pengebruk?
— Det er i alle fall eit godt samspel mellom politikarane og organisasjonen. Dei er ansvarlege og flinke til å ikkje overbyde kvarandre, seier Birkeland.
Vindafjord budsjetterte med 21 millionar i netto driftsresultatet for fjoråret, men resultatet blir altså 43 millionar.
Sjå i dagens papir/e-avis også kva Vindafjord kommune ikkje ser seg råd til!