Miljøovervaking viser lekkasje
Utsleppsvatnet frå AF Miljøbase Vats er langt frå problemfritt, spesielt for sink og enkelte prioriterte miljøgifter på fy-lista.
Men Miljødirektoratet sine krav i utsleppsløyvet for AF Offshore Decom er ikkje overskride i 2016, er hovudkonklusjonen til Fishguard Miljø Bergen.
Selskapet har utført miljøovervakinga i Vatsfjorden og Yrkefjorden som er ein del av vilkåra AF har for å hogge opp plattformer på Raunes i Vats.
Fishguard avløyste i fjor Norsk institutt for vannforskning (NIVA) som har hatt denne jobben sidan 2009.