Julemarknad.
Foto: privat
Mi Fritid
Mi fritid: Bli betre kjent med Bjoa sanitetsforening
Kvar veke presenterer Grannar eit nytt lag eller forening i Grannar. I dag skal du få bli betre kjent med Bjoa sanitetsforening.
— Kva driv de med?
— Me jobbar med NKS sine hjartesaker: kvinnehelse, trygge lokalsamfunn og støtte til veiledningssentre for pårørende innen rus og psykiatri. Dette er saker me driv opplysning om på medlemskveldar og andre arrangement, og som me samlar inn pengar til. Elles driftar me hjartestartarar i bygda, har førstehjelpskurs, ulike familiearrangement aleine og saman med andre lag og foreiningar. Me eig og driftar Kløvertun som me også leiger ut til ulike arrangement, me stiller opp til minnestunder, det er ein del av omsorsgberedskapen vår. Me er vertskapsorganisasjon for Perle for fred Haugesund» som sel perlearmband til inntekt for born og unge på flukt.
— Kven passar det for?