Bjoa skule har eit kostnadsanslag på 9,67 millionar i vedlikehald innan ti år. Nå foreslår kommunedirektøren å legge den ned.
Arkivfoto: Irene Mæland Haraldsen
Mellomsteget på Bjoa skule blir flytta til Vågen skule
Vindafjord kommune har hatt utfordringar med å rekruttera lærarar denne våren, men det er ikkje berre Vindafjord som slit med rekruttering. Det er ei nasjonal bemanningsutfordring med lærarar.
— Me har jobba med å rekruttera lærarar over lang tid, med 4 utlysingar, utan å få tak i kvalifiserte lærarar, seier Nils Erik Eide, kommunalsjef for oppvekst i Vindafjord kommune.
Som ein konsekvens av at dei ikkje får tak i lærarar til Bjoa skule, flyttar dei nå elevane i 5.-7. klasse til Vågen skule for skuleåret 2024/2025.