Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

FHI-direktør Camilla Stoltenberg under ein pressekonferanse om koronasituasjonen. Foto: Ali Zare / NTB /NPK
FHI-direktør Camilla Stoltenberg under ein pressekonferanse om koronasituasjonen.

Meiner pandemien snart over over

Publisert Sist oppdatert
— Vi vurderer at epidemien dei næraste vekene mest sannsynleg vil bli mindre og etter kvart stabilisere seg på eit lågt nivå. Det er betydeleg uvisse om utviklinga gjennom vinteren, skriv Folkehelseinstituttet (FHI) i den siste vekesrapporten sin.

Der blir det slått fast at koronautviklinga har snudd, og at talet på påviste tilfelle og innleggingar fell raskt.

— Den høge vaksinasjonsdekninga hemmar spreiinga av epidemien samtidig som vaksinasjon i stor grad vernar dei vaksinerte mot alvorleg forløp. Vaksinasjon har dermed teke brodden av epidemien, skriv FHI.

Raskt fall

Det såkalla R-talet blir berekna til 0,81 for perioden frå 27. august til i dag. Det vil seie at kvar enkelt smitta i snitt smittar 0,81 personar, og at smittetrenden er fallande.

I førre veke (veke 37) vart det påvist 5.707 tilfelle av covid-19.

— Det er ein nedgang på 33 prosent sidan veke 36 (8.546) og 43 prosent ned sidan toppen med 10.097 tilfelle i veke 35, skriv FHI.

Sjukehusfall

Talet på sjukehusinnlagde covid-pasientar fell òg.

— Det er førebels rapportert om 67 nye pasientar innlagde på sjukehus med covid-19 som hovudårsak i veke 37, etter 95 i veke 36 og 68 i veke 34, opplyser FHI.

Blant dei som er innlagde på sjukehus, er 55 prosent uvaksinerte, 5 prosent delvaksinerte, og 41 prosent fullvaksinerte.

— Andelen nye fullvaksinerte pasientar per veke har auka dei siste vekene i tråd med aukande vaksinasjonsdekning, skriv FHI.

Vaksinasjonsgrada aukar

Norske styresmakter har sagt at dei helst ønskjer at 90 prosent av befolkninga over 18 år skal vere fullvaksinert før dei opnar opp samfunnet meir.

I denne gruppa har no 83 prosent fått andre vaksinedose, ifølgje vekesrapporten.

— Per 19. september er 75 prosent av heile befolkninga, 90 prosent av alle som er 16 år og eldre, 90 prosent av alle personar på 18 år og eldre og 95 prosent av alle 45 år og eldre vaksinerte med minst éin dose, skriv FHI.

NRK: Regjeringa planlegg pressekonferanse om gjenopning fredag

Regjeringa vil fredag halde pressekonferanse om den kommande gjenopninga av landet, opplyser fleire anonyme kjelder til NRK.

Det er ikkje kjent om dei vil kunngjere ei full gjenopning eller ein dato for når det vil skje, skriv kanalen.

Helseminister Bent Høie (H) sende denne veka eit brev til kommunane der han bad dei om å gjere klar eigne lokale koronareglar som kan vere på plass i tide til gjenopninga, som kan skje på kort varsel.

Regjeringa omtaler den kommande overgangen som ein normal kvardag med auka beredskap.

Powered by Labrador CMS