Med hjort og brunstbrøl på menyen
Den årlege hjortefestivalen er godt i gang.
Hjortefestivalen i Vindafjord starta sist fredag, i løa på Skarhaugen i Øvre Vats. Der kunne jegerenker saman med andre festlege damer samlast til såkalla kolletreff» og ha det fint i saman, mens deira respektive halvdelar gjorde bushen utrygg for hjorten. Bålmat blei servert og kollene såg ikkje ut til å sakna skarpskyttarane sine, som truleg låg på magen i skogen og snuste våt mose, mens dei prøvde å zooma inn eit blinkskot.
Det er også arrangert kurs i feltkontrollering av eigefelle vilt. Kursleiar Arve Aarhus sette fokus på korleis ein kan heva kvaliteten på den skotne hjorten og ikkje minst korleis ein kan selja hjorten på lovleg vis. Kurset som fann stad i Vindafjordhallen, trekte ein god del folk, og alle som deltok fekk seg godkjenningsbevis då dei var ferdige. Med var også Mattilsynet.
Kokkelering med Selvaag
Kommande helg er det også mykje å gle seg til. Fredag blir det arrangert Vilt og Vin» på Pøbben i Sandeid, og kokken som skal læra dei frammøtte sin kokkekunst, er ryfylkekokken Frode Selvaag. Han har etterkvart blitt ein anerkjend kokk, som også har si eiga kokebok på samvitet. Han kjem for å læra interesserte hobbykokkar meir om korleis ein skal førebu god mat og kva vin som passar til kva rett.
Haustmarknad
Laurdag blir det tradisjonell haustmarknad ved bygdehuset i Vikedal. Det blir forskjellige standar, der folk kan by på både jakt- og fritidsutstyr, god varm mat, søt mat, og mykje anna spennande. For dei yngste blir det arrangert hesteskyss, lotteri og aktivitetar i forskjellige former og gruppa Syng og spel kjem til å underhalda med musikk.
Til ein god hjortemiddag høyrer også ein god soppstuing til. Vikedal bondelag kjem til å arrangera sopptur, der folk kan vera med og læra om dei forskjellige soppane. Det er viktig lærdom, då mange soppar ser like ut, mens det samstundes kan vera stor forskjell på om dei er giftige eller ikkje.
Ein kan også læra om både slakting av hjort og det blir prat om hjortejakt. Mot slutten av haustmarknaden blir det auksjonert bort både ein hjort og eit garva skinn.
Brunst og brøl
Når dag blir til kveld på laurdag, legg ein bort både teoretisk og praktisk hjortepreik for ei stund. Då er det nemleg duka for hjortepub, og ein testosteronspekka konkurranse på Imsland bygdehus. I løpet av kvelden blir det nemleg kåring av Norsk brunstbrølemeister, og kva som blir vektlagt i denne konkurransen kan ein gjerne lura på. Er det brunst eller brøl? Eller kanskje begge deler? I alle fall er det grunn til å tru at det kan bli ein særdeles underhaldande konkurranse.