Skjold Bygdekvinnelag arrangerer turar.
FOTO: PRIVAT
— Me likar å vera med der det skjer
Kvar veke presenterer Grannar eit lag eller frivillig organisasjon i Etne og Vindafjord. Denne veka kan du bli betre kjent med Skjold Bygdekvinnelag.
— Kva driv de med?— Me samlast til ulike sosiale treff, aktivitetar og kurs og engasjerer oss i det som skjer både i bygda vår og andre stader. Alle nyfødde i Skjold får ei velkomstgåve med sokkar og lue. Noregs Bygdekvinnelag har Unesco-status som ein rådgjevande organisasjon innan immateriell kulturarv og ekspert på norsk tradisjonell matkunnskap. (På same liste som den napolitanske pizzaen og det franske tradisjonelle kjøkkenet.) Mange av aktivitetane er knytt til tema kring dette. Til dømes kurs i lefsebaking, potetkaker og bruk av lokalmat.
— Kven passar det for?
— Det passar for alle jenter/kvinner som ynskjer å bli kjent med andre og som tenker at det er kjekt å både lære av kvarandre og kunne formidle vidare kunnskap til andre.