Me har alle eit ansvar
Handelsnæringa sin eigen hovudorganisasjon har alt vore på banen og krisemaksimert, og fryktar tap av […]
Handelsnæringa sin eigen hovudorganisasjon har alt vore på banen og krisemaksimert, og fryktar tap av minst 20.000 arbeidsplassar fordi handelen stuper. Mange har merka seg at til og med finansminister Kristin Halvorsen frå SV har gått ut og oppfordra folk til å bruka pengar som normalt» for å unngå større krise enn nødvendig.
Det me i stor grad er vitne til i desse dagar er at folk blir tatt av frykt og bremsar opp. Daglege påminningar om kor ille det står til resulterer i ein unaturleg og unødvendig reaksjon. Dermed blir ein situasjon som er alvorleg nok frå før av, forsterka. At forbruksveksten avtar etter lang tid med kjøpefest er ikkje negativt. Ei heller at ei overetablert handelsnæring som har oppfordra til kjøp på kreditt, konsoliderer situasjonen. Økonomien blant folk flest er ikkje blitt forverra i løpet av hausten, og nå kjem også rentekutta, som er det aller viktigaste for vår private økonomi.
Forbrukarsamfunnet har fått seg ein vekkar og det kan vera sunt og på sin plass. Vårt bodskap i desse førejulstider er likevel at du skal ta deg råd til å gi den presangen du tenkte på og gjennomføra dine investeringsplanar. For dersom forbrukaren snører igjen pengesekken for sterkt vil det til sjuande og sist slå attende på oss alle. Tilbod vil forsvinna, bedrifter vil vakla, og arbeidsplassar tørka bort. Sirkulasjon av pengar er ein del av vårt samfunn, enten me likar det eller ei. Du og eg kan vera med å hindra at finanskrisa ikkje blir tyngre og større enn nødvendig.
Mot mobbing
Elevar ved Skjold skule har gripe fatt i mobbing gjennom ein flott musikal. Ei slik påminning om eit problem som diverre er eit tilbakevendande fenomen, er velkommen.