Aukande vald mot grisar i norsk landbruk førte til ei åtvaring frå Mattilsynet. No beklagar Mattilsynet at delar av innhaldet er feil.
Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Mattilsynet beklagar delar av innhaldet i brev om vald mot griser
Fleire medium har omtalt eit brev som Mattilsynet har sendt til svinenæringa om vald mot griser. No seier Mattilsynet at delar av innhaldet i brevet er feil.
– Gjennom breva kan det verke som det eit er stort omfang av saker og ein auke over tid. Det har vi ikkje grunnlag for å seie, skriv Mattilsynet i ei pressemelding onsdag ettermiddag.
I brevet som vart sendt i byrjinga av mai vart ei rekke landbruksorganisasjonar bedne om å ta opp ein aukande valdsbruk mot griser med medlemmene sine.
No presiserer Mattilsynet at bakgrunnen for brevet er nokre få, men alvorlege valdssaker dei har avdekt ved slakteritilsyn.
– Vi ønskte å informere næringa om dette tidleg, men ser i ettertid at vi burde hatt ein betre dialog i forkant av eit eventuelt brev, skriv Mattilsynet i pressemeldinga onsdag.
I brevet kan det sjå ut som om Mattilsynet meiner at valdstilfella som er avdekte kan ha samanheng med avla eigenskapar hos hybridgrisen TN70, som kan vere meir uroleg enn andre grisetypar.
– Det har vi ikkje grunnlag for å seie, skriv Mattilsynet.
– Delar av innhaldet i breva er feil. Dette beklagar vi på det sterkaste.
Onsdag har Mattilsynet også hatt eit dialogmøte med svinenæringa der dei beklaga feila.