Jon Olav Velde (t.v), Jone Hatteland og Ove Johnny Ohm er tre av fem representantar i arrangørkomiteen.
Foto: Grethe Hopland Ravn
Mangt å få med seg i Vats
Dei har stort sett hatt vêrgudane med seg på laget når dei har arrangert Kulturveka i Vats tidlegare år, og jammen ser det ut til at det blir slik også denne gong. Laurdag startar den åtte dagar lange kulturveka og arrangørane gler seg til å kunne by på kulturinnslag og naturopplevingar.
— Eg tenkjer me har fått sydd saman eit godt program og søndagens fjelltur til Fuglen og Grånuten frå Krakkalia er ein tur som alltid er svært populær. Då fyller me opp ein heil buss som går frå Vindafjordhallen til Krakkalia, så går me over fjella og ned til Kårhus. Ein tur som tar 5-6 timar inkludert pausar, seier Jon Olav Velde som er ein av fem i arrangørkomiteen.
Med seg i komiteen har han Jone Hatteland, Ove Johnny Ohm og Steinar Sørhus som alle har vore med heilt sidan starten i 2006. Per Fatland er også med, men han kom inn litt seinare. Med andre ord er det ein etterkvart erfaren og mannsterk gjeng som står for programmet.