Rogaland fylkeskommune har 37 prosent auke i søknaden til Vg1 helse- og oppvekstfag frå i fjor. Søknaden til bygg og anleggsteknikk aukar også, medan studiespesialisering og elektrofag har nedgang.
— Me har ein del av same trenden som i fylket samla, men har auke i studiespesialisering. Totalt er me svært godt tilfreds med årets søknadstal, og dette er elevar som har oss på førsteplass og som difor truleg kjem til å gå her, seier rektor Sæle ved Ølen vgs.
Rekordsøknad i Etne