Vedlikehald er viktig for å kunne nyte deilege dagar på sjøen. Mange droppar det. Pixabay / NPK
Vedlikehald er viktig for å kunne nyte deilege dagar på sjøen. Mange droppar det. Pixabay / NPK

Mange vestlendingar droppar vedlikehald av båten og det kan koste dyrt

Publisert Sist oppdatert
14 prosent av spurde båteigarar seier at dei ikkje er opptekne av vedlikehald av båten sin. – Både for verdien på båten og tryggleiken din, er vedlikehald viktig.

Det seier fagsjef på båt i Frende Forsikring, Edmond Wold Gaulen i ei pressemelding. I fjor betalte norske forsikringsselskap ut meir enn 660 millionar kroner for båtskadar, noko som er ein auke på meir enn 10 prosent frå året før. Det viser tal frå Finans Norge.

Fagsjefen peikar på at godt og regelmessig vedlikehald er avgjerande for å halde talet på skadar og kostnadene nede. Store utbetalingar ender til slutt i dyrare forsikringar for alle.

Skadar som kunne vore unngått ikkje berre frustrerande for båteigar, men går også ut over alle andre som må ha forsikring på båten.

Dei fleste båteigarar seier at dei fiksar vedlikehaldet sjølv (61 prosent). Dei resterande 25 prosentane fordeler seg mellom å sende båten på verkstad eller å kjøpe tenester når han er i opplag. Ting som å sjekke at skroget er tett og at botnpluggen til mellomskroget er på plass. kan folk sjekke sjølve. Båteksperten trekkjer elles fram botnventil, tennpluggar, motorolje, girolje, filter og batteriet som viktige ting å sjekke no.

I snitt kosta kvar av båtskadane i 2023 meir enn 55000 kroner. Det er havari der båtane søkk og blir totalskadde som er dei dyraste.

Det er store skilnader frå fylke til fylke på kor flinke folke er. Frå null prosent i Vestfold og Telemark til 25 prosent i Innlandet.

– Med unntak av Vestland ser det ut til at folk langs kysten tek mest ansvar, seier Wold Gaulen.

Her er folk dårlegast på vedlikehald

  1. Innlandet – 25 prosent
  2. Oslo – 20 prosent
  3. Vestland – 17 prosent
  4. Viken – 17 prosent
  5. Rogaland – 16 prosent
  6. Troms og Finnmark – 13 prosent
  7. Nordland – 12 prosent
  8. Trøndelag – 11 prosent
  9. Møre og Romsdal – 5 prosent
  10. Agder – 2 prosent
  11. Vestfold og Telemark – 0 prosent Kilde: Frendeundersøkinga

(NPK)

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS