FBruk av traktor og andre store maskinar har ført til fleire alvorlege ulykker i landbruket. Illustrasjonsfoto: Terje Bendiksby / NTB / NPK
FBruk av traktor og andre store maskinar har ført til fleire alvorlege ulykker i landbruket.

Landbruk

Mange alvorlege ulykker i landbruket

I femårsperioden frå 2018 til 2022 var det i snitt fem arbeidsskadedødsfall i året i snitt i landbruket. I fjor var det eitt dødsfall. Nyleg signerte 13 aktørar innan landbruket ein avtale om ein nullvisjon for dødsulykker i næringa.

Publisert Sist oppdatert

– Landbruket er ei ulykkesutsett næring. Jobben i seg sjølv har høg risiko. Dei fleste alvorlege ulykker er knytte til bruk av traktor og andre maskinar, og det er mange fallulykker og ting som skjer ved handtering av dyr. Det er viktig å tenkje risiko i alt ein gjer. Mykje handlar om rutinar og haldningar, seier seniorrådgivar Heidi Synnøve Blekkan i Arbeidstilsynet.

Ho trur mange av ulykkene i landbruket skjer i periodar med stort arbeidspress, der ein kanskje tek for få pausar og er stressa. Då kan det skje at ein ikkje alltid følgjer dei tryggleiksrutinane ein vanlegvis har i bakhovudet.

Og det er mange faremoment på ein gard. Det er snakk om handtering av store maskinar, og det er mange store dyr. Det skjer ulykker ved flytting av slike dyr, og det kan vere utanforståande som ikkje forstår at dyr på beite kan vere farlege for dei. Ulykker i landbruket er ei svært samansett problemstilling.

Kultur og haldningar

– Eg trur mykje handlar om kultur og haldningar. Vi veit at mange ulykker i landbruket er knytte til bruk av traktor. I 2020 brukte vi store ressursar på ein kampanje for å få bønder til å alltid bruke setebelte i traktoren. Vi har ikkje dokumentasjon på det, men forhåpentlegvis har det hatt ein god effekt, seier Blekkan.

Det er påbode å bruke bilbelte også i traktor.

Ho meiner det er viktig å jobbe breitt på dette feltet. Det ligg i namnet at Arbeidstilsynet er eit tilsynsorgan, men dei har ikkje kapasitet til å reise ut til alle gardane for å kontrollere at dei følgjer reglane. Derfor trur seniorrådgivaren at det er det haldningsskapande arbeidet med rettleiing og informasjonskampanjar, som gir best effekt.

Dette arbeidet blir gjort i samarbeid med landbruket sine eigne organisasjonar. Målet er å få bøndene og dei andre som jobbar på gardane til å tenkje tryggleik i alt dei gjer. Samarbeidet om nullvisjonen er eit eksempel på korleis organisasjonar med ulike roller i næringa kan gå saman om eit felles mål.

Arbeidstilsynet har statistikk over dødsulykkene i landbruket, men Heidi Blekkan fryktar at det er ei stor underrapportering når det gjeld ulykker som ikkje endar med dødsfall.

Manglande rapportering

– Vi blir alltid varsla om dødsulykker. Tal som gjeld ulykker elles, får vi i stor grad frå Nav og Statistisk sentralbyrå, men det er ikkje alltid at ei ulykke fører til sjukmelding slik at det blir meldt inn i systemet. Det heiter seg at vi skal få melding om alle alvorlege ulykker, men det skjer ikkje alltid. Rapportering av ulykker vil bidra til naudsynt statistikk om type, omfang og årsaker, som igjen vil vere viktig for å kunne setje inn tiltak og førebyggje at det skjer igjen, legg ho til.

Ei årsak til at ikkje alle melder arbeidsulykker til Nav er at arbeidsgivar korkje har behov for eller insentiv til å melde skaden. Til dømes dersom arbeidsgivar ikkje har registrert arbeidsskadeforsikring i folketrygda. Sjølvstendig næringsdrivande kan vere i denne situasjonen.

Ulykkesstatistikken til Arbeidstilsynet for jordbruksnæringa viser at menneskelege årsaker, det dei kallar kognitive feilhandlingar, vart funne i 70 prosent av dødsulykkene. Det betyr at den omkomne har feilvurdert situasjonen og farane.

Intensjonsavtale om nullvisjon

Det var 8. april at 13 sentrale aktørar i og rundt landbruket signerte ein intensjonsavtale om ein nullvisjon for dødsulykker i landbruket og reindriftsnæringa. Eitt av dei viktigaste tiltaka i avtalen er å kartleggje årsakene til arbeidsulykkene. På den måten kan ein skaffe seg kunnskap om korleis ein kan unngå slike ulykker og auke tryggleiken i næringa.

Desse er med: Arbeidstilsynet, Gjensidige, Landbrukets brannvernkomite, Landbruksdirektoratet, Landbruks- og matdepartementet, Landkreditt forsikring, Mattilsynet, Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Norsk Landbruksrådgivning, Norske Landbrukstenester, Norske Reindriftsamers Landsforbund og Stiftinga Norsk Mat.

I jordbruket var det i fjor eitt arbeidsskadedødsfall, medan det i femårsperioden før 2023 var fem arbeidsskadedødsfall per år i snitt. For reindrifta finst det ikkje god nok statistikk for dødsulykker.

Fall- og klemskadar

Det er også ein del ulykker som ikkje fører til dødsfall, men som gir alvorlege skadar og konsekvensar for den enkelte. Generelt ser ein at ein stor del av ulykkene kan knytast til fall, klemskadar og handtering av storfe.

– Det er altfor mange dødsulykker. Vi må få ned ulykkestala i landbruket og reindrifta, og det er derfor vi no får på plass ein nullvisjon. Folk skal kjenne seg trygge på arbeidsplassen sin, sa landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp) då avtalen vart signert.

Heidi Synnøve Blekkan er seniorrådgivar i Arbeidstilsynet.
Sentrale aktørar har signert ein intensjonsavtale om ein nullvisjon for dødsulykker i landbruket og reindriftsnæringa. Frå høgre: Linda Stubsjøen, Landkreditt forsikring; Nina Sundqvist, Stiftelsen Norsk Mat; Anders Nordlund, Norsk Landbruksrådgivning; Secilie Høybakken Kui, Arbeidstilsynet; Egil Christoffer Hoen, Norges Bondelag; Asbjørn Hagene, Norsk Bonde- og Småbrukarlag; Landbruks- og matminister Geir Pollestad; Jørn Rolfsen, Landbruksdirektoratet; Anne Thorine Brotke, Gjensidige.
Powered by Labrador CMS