Målfest i showkamp i Skånevik
Over 100 tilskodarar tok turen i det fine veret, og dei fekk servert ein fotballkamp av høg underhaldningsverdi. Det blei skåra heile seks mål, og straffespark måtte til for å avgjera vinnaren.
Krigande omgang
Det skulle ikkje meir enn fire minutt til før Skånevik kunne visa kva dei var gode for. Kaptein Martin Kristiansen fekk ballen med seg i farleg posisjon like utanfor 16-meteren, og han hadde ikkje problem med å setja den hardt langs bakken i lengste hjørna Old boys sin keeper Kristian Emmerhoff Nilsen.