Målfest for Etne

Torsdag sist veke var det målfest på Etne kunstgrasbane. Då spela Etne A-lag mot botnlaget Haugaland, og det er ikkje å ta for hardt i når ein seier at måla hagla inn. Heile 10 – 1 vann heimelaget, og det var Kristoffer Grønstad (3 mål), Bjørnar Aastvedt, Åsmund Norheim (3 mål), Sverre Fjæra og Simen Adolfsen (2 mål) som signerte for scoringane.

Dermed ligg Etne på andre plass i tabellen, og snusar Skudenes heftig i nakken. Både Etne og Skudenes har begge spela 15 kampar kvar, og begge laga har 33 poeng. Likevel er det Skudenes som trekk det lengste strået, då dei har ein målforskjell på 28 mål, mens Etne sin målforskjell er på 27.

Kommande fredag er det duka for lokaloppgjer mellom Etne og Skjoldar Vats 94, som ligg på nest siste plass på tabellen. Kampen blir spela på Vats nye stadion, og som alltid er det ekstra spennande når eit oppgjer mellom naboar finn stad.

Powered by Labrador CMS