Formannskapet valde å lukke orienteringssaka om Skakke. Etterpå var det klart at rådmann Pål Nygård (t.h.) får i oppdrag å lage ei sak for kommunestyret som set lys på både moglegheiter og umogelegheiter for Etne kommune.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Lukka dørene
Etne kommune kan ikkje gå inn på løysingar som aukar kommunen sine driftsutgifter. Etne kommune kan ikkje gå inn på avtalar som inneber kommunale garantiar. Ut frå dette ønskjer Etne kommune innspel frå Skakke SA på ei langsiktig løysing.»
Slik lyder vedtaket som Etne formannskap vedtok på morgonen torsdag før jul. Vedtaket vart gjort bak lukka dører. På innkallinga til møtet sto det berre orienteringssak». Men det var ikkje vanskeleg å gjette at det var den alvorlege situasjonen for Skakke SA, og deira bøn om økonomisk hjelp frå sin største eigar, Etne kommune, for å unngå konkurs som stod på agendaen. Eit slikt utfall vil bety stengde dører i både idrettshall, kino og storsal i bygda si storstove.
Reknar på hallkjøp