Statens vegvesen fekk sist vinter mykje kjeft for det trafikantar oppfatta som glatte eller for dårleg brøyta vegar i Grannar-distriktet. Også elles i området til den såkalla Ryfylke-kontrakten, som dekker riks- og fylkesvegnettet i både Etne, Vindafjord, Sauda og Suldal, var det misnøye.
I fleire av tilfella har Statens vegvesen vore samd i at vedlikehaldet ikkje var i tråd med krava i kontrakten som hovudentreprenør NCC Roads har plikt til å oppfylle. Dette har vegvesenet følgd tett opp gjennom fleire møte med hovudentreprenøren.
Angelica Chamorro i Statens vegvesen seier til Grannar at entreprenøren, NCC Roads, fekk større utfordringar enn det dei hadde sett føre seg etter at dei overtok kontrakten hausten 2015.