Jublar for nye salstal. Frå venstre Daniel Kyrre Pedersen, kjededirektør Coop Mega, Synne Holm, butikksjef Coop Mega Bislett, Nina Sundqvist, adm.dir Matmerk og Statsråd Bollestad.Pressefoto
Lokal mat i går unna i butikkane
Salet av lokalmat og drikke i daglegvarehandelen har hatt ein kraftig oppsving i 2020.
— Slike tal har me ikkje sett før. Fleire og fleire i handlar lokalmat og drikke i butikken, og auken på 12,6 % er heilt fantastisk, seier direktør Nina Sundqvist i Stiftelsen Matmerk.
Salet av lokalmat og drikke har hatt ein betydeleg vekst dei siste åra. Veksten i år er så og seia i alle kategoriar av lokalmat. I tillegg veks lokalmatsalet meir enn salet av mat i daglegvare generelt.
— Sal av mat i daglegvare generelt aukar med 9,6 %, mens salet av lokalmat og drikke aukar med 12,6%, og er difor den kategorien som veks mest. Totalt blir det seld lokalmat og drikke for 11,8 milliardar i Norge, opplyser Sundqvist i ei pressemelding.