Sjøperlo. Det nye senteret for kultur og læring i Ølen står klar for offisiell opning laurdag.Foto: Irene Mæland HaraldsenHer ved Sjøperlo blir det førehandsrøysting framover.Arkivfoto
Sjøperlo i Ølen, kor Vindafjord bibliotek er lokalisert. Arkivfoto

Litterært pusterom på Vindafjord bibliotek

Publisert Sist oppdatert

Vindafjord biblioteket startar måndag 9. januar opp ein ny sesong med litterære pusterom.
Bli med og finn roa medan du opplev gode, litterære tekstar i lag med andre. Litterære pusterom er eit lytt-prat-opplegg kor ein leseleiar les ein tekst høgt før ein samtalar om opplevingane av teksten. Erfaringane er at ein får spennande samtalar når ein deler inntrykk og refleksjonar som dukkar opp undervegs. Det er inga førebuing, og ein vel sjølve kor mykje ein vil vere med i samtalen. Gevinsten av å vere med er at ein får kopla heilt av den stunda det litterære pusterommet varer. Det vil bli litterært pusterom den andre måndagen i månaden fram mot sommaren. Velkomen til høgtlesing for vaksne på biblioteket.

Powered by Labrador CMS