Hobbyfiskar Ingbert Markhus tok litt av eit beist av ein breiflabb i Åkrafjorden. Handelsmann John Karsten Hustveit måtte henta trucken for å få storfisken på land.Foto: Harald Eintveit
Hobbyfiskar Ingbert Markhus tok litt av eit beist av ein breiflabb i Åkrafjorden. Handelsmann John Karsten Hustveit måtte henta trucken for å få storfisken på land.
Nesten 60 kilo vog breiflabben som Ingbert Markus drog opp. Her saman med hjelpesmann John Karsten Hustveit.Foto: Harald Eintveit
Nesten 60 kilo vog breiflabben som Ingbert Markus drog opp. Her saman med hjelpesmann John Karsten Hustveit.

Lesaren melder

Litt av ein breiflabb

Hobbyfiskaren Ingbert Markhus har drive med fiske i Åkrafjorden heilt sidan 2002. Etter at han slutta som styrmann på ferja mellom Skånevik og Utåker i 2006, har denne interessante og matnyttige geskjeften vorte intensivert. Det finst snautt tal på alle dei fiskestampar med torsk, lyr, sei, lange og brosme som har vorte sende til formidlingssentralen Fjordfisk i Skånevik.

Fangsten kan sjølvsagt variera frå tid til tid, uttrykkjer Ingbert.

— I dag fekk eg fylt heile to stampar med stort sett berre lyr og sei. I går fekk eg betydeleg meir av den slags på garna mine. Det som likevel auka vekta til gagns i dag, var ein breiflabb på nesten 60 kilo, seier den lune og lågmælte, men tydeleg begeistra fiskaren.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS