Fleire bilistar har kontakta Grannar fordi dei irriterer seg over sandstøvet og sølet som samlar seg opp som følgje av transporten ut frå sanddrifta på Fikse mellom Etne og Ølen. Nokre dagar kan det ligge støv og våt sand opp til eit par hundre meter i vegbanen frå krysset i retning Etne på E134.
— Hamnar du bak eit stort køyretøy er det som å køyre inn i ein vegg av søl, seier Magne Monsen. Etnebuen passerer Fikse på E134 fleire gonger i veka, både i privatbil og som drosjesjåfør.
Monsen meiner entreprenørane burde ha gjort tiltak med asfalt inn til anlegga sine, slik at bilistane som uforskyldt hamnar i griseriet blir ramma.